29. apr. 2007

Litt om vener, fiendar -og følgjer av det


Det var ein gong ein individualistisk tenkande sporv, som bestemte seg for ikkje å følgje fugleflokken sørover då det blei vinter.
Då veret blei kaldare, blei det imidlertid vanskeligare for den vesle fuglen å klare seg,
og angrande bestemte han seg likevel for å dra sørover, men for seint.

På kort tid danna det seg is på vengene, og han fall til marka nesten ihelfrossen nær ein gard.
Akkurat då passerte ei ku forbi den vesle fuglen, og då ho bæsja, dekte ho den vesle sporven med ei stor, varm kuruke. Dette er slutten, dette er slutten tenkte sporven,
men gjødeselen varma han opp, og meir og meir kunne han byrja å røra dei små vengene igjen.
Varm og lykkeleg og i stand til å puste, byrja han å synge.
I det same kom ein katt forbi, og då han høyrde den muntre kvitringa, krafsa han i gjødeselen, fann den syngande fuglen og gjorde med det same den vesle fuglen til eit godt måltid.
Det fins tre moralske slutningar:

Kvar og ein som skit på deg, er nødvendigvis ikkje din fiende.

Kvar og ein som hjelper deg opp av skiten, er nødvendigvis ikkje din venn.

Og om du er varm og lykkeleg og sit i ein skithaug
- så hald kjeft.

1 kommentar:

Anonym sa...

utruli filosofisk liv inger! Herli! Veldi kjekk blogg forresten! Dåke e flinke å ta bilder og legga de ut på internetten:) Dåke e forresten skjønne naboa òg..såg d låg pizza i vinduen ikveld igjen..sukk..hadde vi bare vært like romantiske..:)
Klem fra solveig i etasjen øve:)